Lokalt sidan 1988
Om Bokuben
Farge, hobby og menneske som bryr seg om prosjektet ditt.
Ei hobby- og malarforretning
Bokuben er ei hobby- og malarforretning, og Førde sin einaste Panduro-forhandlar. Vi har ei mengd flotte ting som alle hobbyentusiastar vil få glede av – kunst- og teikneartiklar har vi også.
Den 30. mars 1988 opna Bokuben Førde A.S dørene for første gong – i Naustdalsvegen, no som den gong. Sidan den gong har vi vore ein lokal fargehandel med stort utval i hobbyartiklar.


Maling, golv & tepper
Alt du treng til husmaling – inne og ute
Bokuben er også ei malarforretning som sel det du treng til husmaling inne og ute. Vi blandar fargane dine og gir gode råd heile vegen.
Her finn du også eit utval av golvbelegg og tilhøyrande produkt, i tillegg til tapet og tepper som set preg på heimen.
Sjå produkta våreLamper & belysning
Lampeavdelinga i kjellaren
I kjellaren vår finn du lampeavdelinga som vi starta opp våren 2024. Her er noko for kvar smak!
Meir om avdelingane
Skaparglede
Det viktigaste vi sel, er gleda ved å skape
Alt vi gjer hos Bokuben byggjer på gleda du kjenner når du skaper noko med eigne hender. Ikkje fordi du må, men fordi du rett og slett ikkje kan la vere.
Når du skaper noko, fortel du kven du er – samtidig som du utfordrar kreativiteten din. Både hjarte og hjerne påverkast, og det får oss alle til å kjenne oss vel, uansett om vi er entusiastiske amatørar eller proffe, og om vi skaper aleine eller saman med andre.
Råd og rettleiing
Fire dyktige fagpersonar
På Bokuben treff du fire dyktige fagpersonar som alltid gir deg gode råd og fagleg rettleiing – til oppussing, maling av hus og liknande.
Ta kontaktLokalt i Førde
Ein del av Elvetorget
Bokuben ligg på Elvetorget i Førde, saman med ei rekkje andre lokale butikkar. Du finn oss i Naustdalsvegen 1b.
Besøk elvetorget.noHER FINN DU OSS
Elvetorget, Førde
Naustdalsvegen 1b, Førde
OPNINGSTIDER
Måndag–fredag10–18
Laurdag10–17
SøndagStengt
